Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne og treng å gjere tilpassingar i bustaden, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt.
Sjå spesielt § 15 i bustøttelova.
Tilskot til utgreiing og prosjektering blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
Tjenesten oppdatert: 07.01.2025 21:41