Vil du byggja ein sandvolleyballbane, ein ballbinge eller ein klatrevegg? Du kan søkje kommunen om tilskott til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.
Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden.
Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.
Tjenesten oppdatert: 24.06.2025 08:47