PP-tenesta er ei forkorting for «pedagogisk-psykologisk teneste» og hjelper barnehagar og skular med å gi tilrettelagd opplæring til barn og elevar.
Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Sjå:
barnehageloven § 33 Pedagogisk-psykologisk teneste
opplæringslova § 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste
Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om individuell tilrettelegjing og tilpassa opplæring.
Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Tjenesten oppdatert: 06.01.2025 15:11