Omsorgsstønad er ei lønn frå kommunen til deg dersom du utfører omsorgsarbeid som kommunen elles ville gjort.
Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsstønad. Omsorgsstønad skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå lønna skal liggje på.
Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Det vil seie at kommunen har plikt til å løyve pengar til omsorgslønn på budsjettet. På den andre sida vil ikkje den enkelte omsorgsytaren ha nokon automatisk rett til å få omsorgsstønad. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-6.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsstønad. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje.
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak.
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 06.01.2025 14:11