Dersom du driv økologisk jordbruk, kan du få tilskot i tillegg til ordinært produksjonstilskot. Elles er ordninga og søknaden lik som for produksjonstilskotet.
Tilskott til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskottet og omfattar tre ordningar:
Føremålet med å yte tilskott til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskotta skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til å auke produksjon av økologiske landbruksprodukt.
Landbruksføretak
Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og
Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein kontroll- og godkjenningsinstans som fører tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.
Føretak som har søkt om tilskott tidlegare, får tilsendt søknadsmateriell. Andre føretak må vende seg til kommunen.
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 23.05.2025 10:00