Dersom du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksformål, må du søkje kommunen om godkjenning.
Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.
Landbruksdirektoratet
Sjå spesielt
jordlova § 11 Drift av jordbruksareal, nydyrking og driftsvegar,
naturmangfoldlova §§ 8-12,
kulturminnelova § 9.
Jordlova
Kulturminneloven
Naturmangfoldloven
Forskrift om nydyrking
Forskrift om konsekvensutredninger
Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld statsforvaltaren dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalefristen skal vere på minst éin månad.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekkdet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 22.03.2021 12:50