Dersom du arvar, kjøper eller tek imot fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon, som er løyve til å ta over eigedommen. Fast eigedom er for eksempel hus, gard eller ubebygd tomt eller andre areal. Siktemålet med konsesjonsreglane er å sikre busetjing. Det er kommunen som avgjer søknader om konsesjon.
Du må betale eit gebyr for handsaminga av søknader om konsesjon.
Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.
Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.
Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 06.01.2025 10:54