Alle barnehagar blir styrte etter eit felles verdigrunnlag som skal sørgje for at barna sine behov for omsorg, leik, læring og danning blir dekte. Grunnlaget for kvalitet og innhald i barnehagen ligg i barnehagelova og rammeplan for barnehagen, som alle barnehagar følgjer.
Med utgangspunkt i rammeplanen lagar kvar barnehage ein årsplan, og det vil derfor vere mange variasjonar i tilbodet barnehagane imellom.
Uavhengig av kva barnehage ditt barn går i kan du forvente at:
-
barnehagen blir styrt etter verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet
-
barnehagen arbeider for å utjamne sosiale forskjellar
-
barnehagen gir eit pedagogisk tilbod
-
barnet ditt får leike og utfolde seg og får meiningsfulle opplevingar
-
barnet sine behov blir teke omsyn til
-
barnet blir del av eit sosialt og kulturelt fellesskap
-
barnet sine interesser og dugleikar blir sedde.