Du kan forvente at skulen vil informere om
-
rettane til elevane og pliktar
-
rettane til elevane rundt skulemiljøet, både det fysiske og det psykososiale miljøet
-
skulereglane og kva som skjer ved brot på reglane
-
reglar om fritak frå fag
-
daglege rutinar
-
opplæringa
-
generelt
-
moglegheiter for å få opplæring i og på samisk, kvensk og morsmålsopplæring.
Skulen kan også varsle om enkeltsaker som går føre seg, til dømes om skulemiljøet ikkje er trygt og godt.
Elevrådet og arbeidsmiljøutvalet skal få all informasjon dei treng for å kunne ta ei aktiv rolle i skuledemokratiet.
Informasjonen blir gitt til deg på fleire måtar. Det kan vere i foreldremøte, direkte kontakt frå lærer eller på ulike digitale flater.