Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldre samarbeider med barnevernstenesta i kommunen, og i dei fleste tilfella med familien til barnet, om behovet og framtida til barnet.
Å bli fosterheim er ein prosess som skjer i nært samarbeid med barneverntenesta i kommunen din. Det er ikkje uvanleg at ein fosterfamilie tek inn barn som dei kjenner frå før eller er i slekt med. I andre tilfelle er valet av barn og fosterfamilie eit resultat av ei vurdering om kva som er best for barnet.
Fosterheim får økonomisk godtgjering frå kommunen og opplæring og oppfølging frå barnevernet.