Barnevernet har ei plikt til å undersøkje om barnet har det bra i heimen sine, og foreldre kan ikkje nekte at undersøkinga blir gjord. Men både foreldre og barnet har rettar og barnevernet har plikter til korleis undersøkinga skal gjennomførast:
-
Ei heimegjesting er som ein samtale der både foreldre og barnet deltek. Foreldra får vite innhaldet i bekymringsmeldinga og får høve til å fortelje synet sitt på familiesituasjonen og korleis dei har det.
-
Barnet skal få seie meiningane sine og skal kunne fortelje fritt, men berre dersom barnet sjølv ønskjer.
-
Undersøkinga skal følgje ein plan og vurderingane skal vere skriftlege. Foreldra skal få informasjon om barnevernet sine vurderingar.
-
Undersøkinga skal gjerast så skånsamt som mogeleg for familien og skal ikkje undersøkje meir enn det som er nødvendig for å finne ut korleis barnet har det.
-
Barnevernstenesta skal ta omsyn til familien sin kultur, etnisitet, språk og religion.
-
Barnevernet kan krevje å få snakke med barnet i einerom, eller i nokre tilfelle at barnet skal undersøkjast på sjukehus.
Etter undersøkinga vil barnevernet gi ei grunngiving for om det skal innførast tiltak eller om saka blir avslutta utan at tiltak er nødvendig.