Som husdyrbrukar skal du kunne ta ferie og planlagd fritid ved å få tilskot til avløysing mens du er borte.
Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna
Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.
Landbruksføretak.
Du bør kunna dokumentera at du har hatt utgifter til avløysing som er knytt til husdyrhald. Du søkjer ved å logga deg inn på Altinn og sender søknaden derfrå. Tilskotet blir automatisk berekna, basert på opplysningane i saka. Du kan også henta opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengst. Når kommunen har behandla søknaden blir sendt svaret og vedtaket til deg via Altinn.
I søknaden legg du ved bokføring, korrespondanse og andre merknader som handlar om tilskotet.
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak.
Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 18.12.2024 14:08